Politisk stormvarsel

Politisk stormvarsel

Om bloggen

Denne bloggen er ei forlenging av politikksida mi på www.framilyset.com

Namnet på bloggen er meint å gi eit hint om at det støtt skjer ting i internasjonal politikk som kan få stygge konsekvensar også for norske arbeidsplassar...

I 2013 og 2014 særleg forhandlingane om ein frihandelsavtale TISA som Noreg er med på trass i at det skjer utanfor WTO.

(Kommentarar til innlegga kan skrivast ved å trykke på "Comments" under innlegga.)

Etterlyser stortingsrepresentant

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Sun, February 23, 2014 19:03:27
Eg etterlyser ein stortingsrepresentant som meiner noko om TISA. Ein som har lest detaljane i det som er dei norske “inital offers” i dei pågåande TISA-forhandlingane, og som UD presenterte i november i fjor. Eg veit at du og kollegaene dine i det minste skal vere informerte om at Noreg er med i ei gruppe land (USA, EU og eit trettitals land til..) som arbeider for å få til ein “ambisiøs avtale om frihandel med tenester”, med namnet Trade In Services Agreement (TISA). Og der er det så visst ikkje berre bagatellar som skal konkurranseutsettast! Ambisjonen til initiativtakarane til avtalen er at så godt som alle typer tenester skal privatiserast og konkurranseutsettast. Frå helsetenester, utdanningsektoren, husbygging, og “you name it”. Ein ekstremt aggressiv og pro-liberalistisk måte å forhandle på. Er du klar over kva slags kaos dette kan skape i den norske arbeidsmarknaden? Har du sett ein konsekvensanalyse for dette? Ikkje det nei? Mest sannsynleg har einkvan i staden prøvd å få deg til å tru at ein slik avtale vil vere i “Noreg sine interesser”. Ein gamal bløff som framleis verserer i visse kretsar. Kretsar der dei priviligerte storkonserna med “offensive interesser“ får dominere...

Og apropos interesser: Eg lurer på om du har hatt besøk frå mange “små og mellomstore bedrifter” som har bedd deg pusje på for meir internasjonal konkurranseutsetting? Ikkje det? Eg trudde det heller ikkje. Derimot veit eg at initiativet til TISA-forhandlingane kom frå storkonserninteresser i USA og Australia, og slett ikkje frå norske stortingsrepresentantar eller frå representantar for små og mellomstore norske bedrifter...

Det er mange som med god grunn er urolege for konsekvensane av ein slik TISA-avtale. Eg skulle gjerne sett at du gjekk inn på ein link som viser kritikken som er signert av 345 organisasjonar “worldwide”, mellom dei også fleire norske: http://ourworldisnotforsale.org/en/signon/international-civil-society-sends-letter-governments-opposing-proposed-trade-services-agreeme .

Der kritiserer dei at ein slik avtale drastisk og på irreversibelt vis vil redusere det politiske handlingsromet vi er vande med å ta som ei sjølvfylgje i eit demokrati...

Eg har ikkje sett at det same er gjort her til land, men den svenske nettavia Dagens ETC, har fått fram kor dårleg svenske folkevalde er orienterte om TISA-forhandlingane. Resultatet er oppsiktsvekkande, og eg trur du vil lese denne med interesse: http://dagens.etc.se/nyhet/mp-%E2%80%9Dtisa-forhandlingarna-borde-avbrytas-omedelbart%E2%80%9D

Eg har sjølv gjort eit ærleg forsøk på å lese og forstå UD-dokumentet med dei norske “inital offers” i TISA-forhandlingane. (Sjå det evt her http://www.regjeringen.no/upload/UD/Vedlegg/Handelspolitikk/tisa_offer.pdf ). Dersom du gjer (har gjort?) det same, vil du nok forstå kva eg meiner når eg påstår at dette er presentert i eit svært så udemokratisk språk. Det sit altså teknokratar og formulerer dei norske “posisjonane” i forhandlingane. Dette skjer tydelegvis etter formuleringsmalar som er brukte tidlegare i svært så liberaliseringsvenlege avtalar i WTO-systemet. Og altså i eit språk som er veleigna til å hindre innsyn frå folk som elles kunne finne på å protestere...

Dei norske “inital offers” pr november 2013, inneheld (delvise) reservasjonar mot fri flyt på ei rekke områder. Dette er vel og bra. Avtalen er likevel “designa” slik at reservasjonane virkar meir som midlertidige demningar som før eller seinare er tenkte å skulle gi etter... Det er innlysande at avtalen blir konstruert for å sikre dei økonomiske “offensive” interessene til globale storkonsern. Det er ikkje råd å spore noko som vil styrke vanlege folk sine interesser og eit demokratisk, politisk handlingsrom i forhold til det som er dagens situasjon.

Ta ansvar.Er så du ein av dei som tek den politiske korrekturlesinga og kvalitetssjekken på denne avtaleteksten? Dersom du veit kven som gjer det, så vil eg vere svært takksam for å få vite det. For dei som driv denne avtalen framover, har ei blytung ideologisk slagside som gjer denne avtalen farleg, og som folk med politisk ryggrad derfor må ta tak i og stanse.

Det er jubileumsår for Grunnlova. Du er stortingsrepresentant i Noreg. Du burde bli sint. For eg trur du og dei aller fleste av dine medrepresentantar ikkje på alvor blir tekne med på råd i slike fundamentale spørsmål for landet...















  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post7

Besteforeldre mot frihandelsterrorisme

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Thu, February 20, 2014 11:05:17

Denne kommentaren har eg ikkje fått tid til å "utbrodere" særleg mykje, men legg den ut likevel for å lufte ein strøtanke.

Ideen er altså at eg gjerne såg at det, på magisk vis, "oppstod" det som kunne kallast "Besteforeldre mot frihandelsterrorisme"...

Kvifor "besteforeldre" i ein slik samanheng? Fordi alle andre har "gyldig grunn" til ikkje å ha tid til å drive med "overvåking av politikken" så grundig som det faktisk trengs. I tillegg fordi denne generasjonen bør ha evne til å sjå på dei lange linjene i politikken og til å ha omtanke for dei komande generasjonane... Omsyn som "står på skade" slik særleg internasjonal politikk går sin skeive gong no for tida.. (meiner alvor...).

Kvifor "frihandelsterrorisme"? Fordi utviklinga no går i ei farleg retning som får stygge konsekvensar på vitale områder i samfunnet. Det blir framforhandla handelsavtalar som favoriserer dei sterkaste aktørane i økonomien, aktørar som er kyniske i forhold til forholda for arbeidstakarar, og kyniske i forhold til øydelegginga av miljøet globalt (og lokalt). OG fordi dette regimet "dopar" økonomien til ein masseproduksjon av varer som denne kloden viser teikn til ikkje å tole...

Eg har fått denne tanken om besteforeldregenerasjonen som ein politisk ressurs, når eg har konstatert at mine rop om "ulv" når det gjeld for eks forhandlingane om ein TISA-avtale, gir så lite ekko. (sjå evt om TISA i andre innlegg på denne sida...)

Besteforeldre har det også travelt... Ja visst. Men likevel?

Alle besteforeldre deler ikkje mitt syn... Nei visst. Men likevel?

Har du eit anna råd?





  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post6

Kronikk i Sunnmørsposten 17.02.14 om TISA!

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Mon, February 17, 2014 08:59:52

Idag er det transportarbeidarar som mister jobben - kven blir dei neste?

“Et unødig liberalt norsk regelverk har åpnet transportmarkedet for utenlandske transportører i en slik grad at en hel næring nå trues på livet”. Det er Linda Myhre i Møre og Romsdal Yrkestrafikkforbund som skriv dette (Smp 10. febr.)

Denne typen alarmsignal trur eg folk flest bryr seg for lite om. Dei tenkjer for lite på at det neste gong faktisk kan vere deira eigen jobb som blir utkonkurrert...

Alt no er det altså slik at enkelte næringar slit med utanlandsk konkurranse. Då bør det vere oppsiktsvekkande at det akkurat no, frå norsk side, aktivt blir jobba med ein fleirnasjonal avtale som vil gjere denne situasjonen vesentleg verre.

Noreg er nemleg med i ei gruppe land, med USA og EU i spissen, som tidleg i 2013 starta forhandlingar med det overordna målet å få konkurranseutsett og privatisert så mykje som råd av det som blir kalla tenester. I utgangspunktet skal alle typer tenester, som dei ulike landa ikkje aktivt reserverer seg for, opnast opp for utanlandske aktørar. Med andre ord: “The U.S. ambassador to the WTO, Michael Punke, said there was unanimous agreement among all the participants that “all sectors are on the table, there are no a prior exclusions of any mode.”

Dei som har høve til å gå inn på internett og søke på “really good friends of services”, som desse landa så frimodig kallar seg, vil fort oppdage at dette er alvor.

Organisasjonen Our World Is Not for Sale er støtta av 345 organisasjonar globalt når den kjem med flengande kritikk av den liberaliseringsframstøyten som desse ”kompislanda” har sett i gong på utsida av WTO (Verdens Handelsorganisasjon). Det åleine burde vel tilseie at vi også her til lands burde spandere på oss ein aldri så liten diskusjon om dette?

Til det “kjedsommelige” blir det påstått at vi som eit lite land er best tjente med så open internasjonal konkurranse som råd. Faktisk er dette ein tøvete påstand. Det som er rett, er at deler av norsk næringsliv vil kunne profitere på ei slik liberalisering, og det er tydelegvis denne delen av norsk næringsliv som får definere kva Noreg skal arbeide for i slike forhandlingar. Minst like rett er det at andre deler av næringslivet vil tape i konkurransen, med tilsvarande tap av arbeidsplassar, denne gongen som nemnt med tapte arbeidsplassar i transportnæringa. Som ei relevant åtvaring kan det her passe å få med at den nordamerikanske handelsavtalen NAFTA, førde til eit nettotap av arbeidsplassar i USA i dei ti første åra på over 800.000, i fylgje Economic Policy Institute... Dette snakka dei sjølvsagt ikkje om dei som argumenterte så entusiastisk for å få på plass den avtalen... Når dei kreftene som her til lands arbeider for meir konkurranseutsetting av same typen får det som dei vil, risikerer vi at det vi hittil har sett av sosial dumping vil framstå som småtteri...

Grunnen til at desse TISA-forhandlingane no kjem i gong utanfor rammene til WTO, Verdens Handelsorganisasjon, er at dei mest utolmodige pådrivarane for liberalisering ikkje får det raskt nok som dei vil innanfor, særleg på grunn av motstand frå ulandshald. Når vårt land er med i denne gruppa av frihandelshissige “Really Good Friends of Services”, og dette skjer uten at vi har den ringaste debatt om dette på Stortinget og i det offentlege romet elles, kan det då skuldast at dominerande personar i UD-byråkratiet har ei sterk idologisk slagside i liberalistisk retning? Når Regjeringa/UD i Storingsprop. 1 om statsbudsjettet for 2014 informerer om at Noreg er med i desse TISA-forhandlingane, skjer dette med skarve tre setningar. Tre setningar som prøver å framstille det som uproblematisk at Noreg er med. Den sist setninga er slik: “En slik avtale vil derfor være i tråd med regjeringens hovedprinsipp om at et globalt handelsregime forankret i WTO er fundamentet for regjeringens handelspolitikk.” Dette er farleg nært opp til feilinformering, all den tid TISA-forhandlingane foregår på utsida av WTO-organisasjonen, og blir kritiserte for dermed å undergrave WTO! Land som ikkje er med i TISA fryktar forståeleg nok at ein slik avtale vil blir brukt som brekkstang for meir liberalisering i seinare WTO-forhandlingar...

Dokumentet som i november kom frå UD med dei norske “initial offers” i desse forhandlingane, var heller ikkje eigna til å overtyde om at dette vil vere bra for norske arbeidstakarar. UD påstår der at: “Norge har klare interesser av at norske tjenesteleverandører får tilgang til andre markeder på samme vilkår som konkurrenter fra andre land.” Kvifor skriv dei ingen ting om dei norske tenesteleverandørane som vil bli knekte av utanlandsk konkurranse?

Dei som har inntrykk at dette innlegget er “på trynet”, bør ikkje konkludere slik før dei har vore innom denne svenske linken om TISA-forhandlingane:

http://dagens.etc.se/nyhet/mp-%E2%80%9Dtisa-forhandlingarna-borde-avbrytas-omedelbart%E2%80%9D . Den artikkelen startar slik: “Ett nytt globalt handelsavtal förhandlas just nu i det tysta. Det väntas öppna upp för avregleringar av offentliga tjänster i en omfattning som vi aldrig sett tidigare”. Og den held fram med å vise at svenske riksdagspolitikarar ikkje anar kva som foregår i desse forhandlingane. Alt tyder på at det ikkje står det minste bedre til her til lands...

Odd Tarberg

otarberg@mimer.no

Ålesund



  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post5

Storoffensiv for handelsliberalisering.

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Thu, January 30, 2014 15:13:08

Det siste året har vi vore vitne til opptrappinga av ein storoffensiv for meir internasjonal handelskonkurranse. Eller rettare sagt: dei fleste er IKKJE vitne til at dette skjer, fordi dette blir gjort på ein utspekulert og udemokratisk måte.

Det som har skjedd det siste året, er at parallelt med at det vart forhandla fram ein ny handelsavtale i WTO (Bali, desember 2013), som vanskeleg kan tolkast som anna ein ein siger for dei multinasjonale selskapa, så har dei same ultraliberalistiske kreftene fått i gong forhandlingar utanfor WTO på to frontar. Den eine er TTIP, Transatlantisk Trade and Investment Partnership, som er forhandlingar mellom EU og USA om, på breid front, å få bort så mange “handelshindringar” som råd mellom desse to økonomiske regionane. Dette vil verte eit “partnerskap” som meir er å rekne for ei krigserklæring dersom vi ser på kva konsekvensar dette vil få for arbeidsplassane i form av rå handelskonkukrranse... (Kompleterer dette innlegget med å ta med at USA også har fått i gong forhandlingar om ein tilsvarande avtale for Stillehavsområdet kalla TPP, The Trans-Pacific Partnership, som gjeld Australia, Brunei, Canada, Chile, Japan, Malaysia, Mexico, New Zealand, Peru, Singapore, the United States, and Vietnam.)

Det andre angrepet kjem altså no parallelt i form av forhandlingar om ein handelsavtale spesielt om tenester, og denne gongen mellom ei stor gruppe land, mellom dei EU, USA, Australia, Canada, og, skuffande nok, også Noreg.

Det faktum at desse forhandlingane kjem i gong på same tid som det har foregått forhandlingar om ny avtale på dei same områda innanfor WTO, viser styrken i offensiven frå ultraliberalistane denne gongen. Det at TTIP- og TISA-forhandlingane skjer utanfor WTO-systemet, er i seg sjølv ein trussel mot det overnasjonale regelverket som WTO er tenkt å vere. Strategien er tydeleg å stille dei landa som ikkje er med i desse forhandlingane, overfor ein situasjon som tvingar dei til å akseptere vilkår dei no vegrar seg for innanfor WTO.

Frå fleire hald kjem det sterk kritikk av desse forhandlingane. Mellom anna for manglande openheit, og først og fremst fordi alt i desse avtalane går i favør av dei store kapitalsterke investorane. Det er uråd å sjå, for eksempel i dei norske “initial offers” til TISA-avtalen, noko som vil styrke arbeidstakarrettane i høve til situasjonen slik den er i dag. Risikoen for det motsette er derimot innlysande. Sjå evt denne linken: http://ourworldisnotforsale.org/en/signon/international-civil-society-sends-letter-governments-opposing-proposed-trade-services-agreeme

Det er elles interessant å registrere at både TTIP og TISA-forhandlingane “seglar under falsk flagg”. Som nemnt blir frikonkurranseavtalen som EU og USA forhandlar om seg i mellom, kalla “Partnerskap”, medan realiten altså vil verte rå handelskonkurranse. Og når det gjeld TISA- avtalen, så har landa som forhandlar kalla seg “Really Good Friends of Services”. Dei er sjølvsagt ikkje gode vener med anna enn den profitten investorane ser utsikter til å ta ut av tenestesektoren. Nytale er eit godt uttrykk for slik språkbruk..

Og desse TISA-forhandlingane er altså Norge langt inne i. Og det uten den minste politiske debatt.





  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post4

Linkar om TISA

LinkarPosted by Odd Tarberg Thu, January 30, 2014 10:48:38

Dei som vil lese meir om TISA-forhandlingane:

http://ourworldisnotforsale.org/en/signon/international-civil-society-sends-letter-governments-opposing-proposed-trade-services-agreeme

http://dagens.etc.se/nyhet/mp-%E2%80%9Dtisa-forhandlingarna-borde-avbrytas-omedelbart%E2%80%9D

http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread297043/


http://www.bilaterals.org/?free-trade-bilateral-and

http://www.scoop.co.nz/stories/WO1309/S00185/trade-in-services-agreement-blocks-access-to-public-services.htm

Sjå kva Europaparlamentarikaren Ska Keller skriv om TISA:

http://ska-keller.de/en/topics/trade-and-development/policy-coherence/tisa,-the-new-trade-in-services-agreement-–-no-multilateralism,-no-transparency

EIN GANSKE FERSK RAPPORT ER Å SJÅ HER:

http://www.world-psi.org/en/psi-special-report-tisa-versus-public-services












  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post3

Farlege økonomiske, intellektuelle og politiske eliter.

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Mon, January 27, 2014 13:31:33

Den renomerte journalisten i Financial Times, Martin Wolf, har kome med ei skikkeleg salve av ein artikkel som Dag Seierstad siterer frå i Klassekampen den 25. januar.

Han skriv mellom anna: "Dagens økonomiske, finansielle, intellektuelle og politiske eliter svikter like skjebnesvangert som da de tilsvarende europeiske elitene for hundre å siden førte Europa ut i første verdenskrig og inn i ei etterkrigstid som førte til krise, massearbeidsløshet og en ny verdenskrig." Ikkje akkurat småtterier frå ein fast spaltist i ei konservativ finansavis!!

(Eg har ikkje link til Seierstad sin artikkel, men Wolf sin artikkel kan du sjå her: http://www.ft.com/intl/cms/s/0/cfc1eb1c-76d8-11e3-807e-00144feabdc0.html#axzz3CpxBqHHO)

I alle fall: Det er denne banden av religiøst ultra-liberale maktmenneske som Wolf verbalt hudflettar, som no gjer meir og mindre som dei vil. Det er ikkje minst denne gjengen som har sett i gong forhandlingane om TISA, Frihandelsavtalen for tenester, som eg prøver å lage bråk om i "det offentlege rom". Uten særleg suksess, må eg vedgå...

Eit anna sitat frå Wolf sin artikkel: "Befolkningen i kriserammede land har ingen innflytelse på denne maktutøvelsen. De politikerne som står ansvarlige forfor befolkningen,er også maktesløse. Skillet mellom de som kan stilles til ansvar og de som har makt, rammer i hjertet av ethvert begrep om den demokratisk styreform."

Ja, slik er det, og likevel er våre eigne rikspolitikarar i desse dagar i ferd med å akseptere ein avtale (TISA) om meir frihandel, som ytterlegare reduserer det politiske handlingsromet dei i staden burde tvihalde på. (sjå dei to innlegga under her..)

Eg må seie at eg blir meir og meir "fortvila" over at eg ikkje klarer å få nokon med i alle fall litt politisk makt til å reagere...

.............. Eg må nesten legge til eit par sitat til frå Martin Wolf sin artikkel: ...elitene har misforstått konsekvensene av hodestups finansiell liberalisering. Forført av fantasier om sjølstabiliserende finansmarkeder, har de oppmuntra til enorme veddemål om å tjene penger på stadig stigende gjeld. De politiske elitene undevurderte fullstendig faren for et systemsammenbrudd".

Wolf uttrykker seg kanskje feil når han set finanseliten i same båt som den politiske eliten, når han seier at også finanseliten har feila. Spørsmålet er om ikkje finanseliten nettopp har fått det som den vil. Dei fleste av finansfyrstane har ikkje tapt på børskrakket ser det ut til, og i tillegg kan det sjå ut til at dei berre ser det som gunstig at krisa blir så stygg for vanlege folk at det meste av arbeidarvern (løn- og miljø-) blir rasert. Ein arbeidsstyrke som står med lua i handa og må jobbe for knappar og glansbilder, er vel ikkje så dumt for dei som vil ta ut maksimalt med finansprofitt?



































  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post2

Når "partnerskap" betyr krigserklæring

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Sun, January 19, 2014 16:36:34

27. nov 2013 hadde eg eit innlegg i Sunnmørsposten som du kanskje ikkje fekk sett. Det kan lesast her og hadde tittelen:

Når krigføring blir kalla partnerskap -

og folk let seg bondefange av handelsavtalar.

“Det kan ikkje vere sannt” er den spontane reaksjonen eg får når eg refererer meldinga om at Egypt møter enorme erstatningskrav frå vestlege storkonsern når landet vil auke minsteløna i landet. Og om at Uruguay og Australia blir saksøkte på same måte fordi dei vil innføre strengare tobakkslover. Eller om at det svenske kraftselskapet Vattenfall krev fleire milliardar euro av Tyskland fordi landet legg sterke reguleringar på kolkraftverka av miljøomsyn. Og så vidare. Det finns ein haug med liknande eksempel. ( kilde: http://www.citizen.org/documents/TAFTA-investor-state-factsheet.pdf )

Denne absurde situasjonen er ein konsekvens av den den rådande logikken i frihandelsavtalane som har blitt inngått dei seinare åra, ofte mellom svake uland og sterke vestlege industrinasjonar. Det er investorane, og ikkje innbyggarane sine interesser, som, hinsides det rimelege, blir verna i desse avtalane. Avtalar som i stor grad blir “ført i pennen” av nettopp representantar for dei økonomiske interessene som vil sleppe å bli plaga av det dei kallar “handelsirritasjonar”, reglar som hindrar dei i å “maksimere profitten sin” ytterlegare...

Dei som i desse dagar er i ferd med å “snekre” ein ekstremt konsekvenstung frihandelsavtale mellom EU og USA, gjer det i høgste grad i tråd med desse prinsippa. Avtalen har fått namnet TTIP, som står for Transatlantisk handels- og investeringspartnerskap. Og her er det verd å merke seg bruken av ordet partnerskap. Realiteten er at avtalen på ingen måte legg opp til samarbeid, men i staden vil opne for endå hardare økonomisk krigføring mellom “aktørane” på begge sider av Atlanteren, med meir og meir utrygge arbeidsplassar som resultat... Snakk om “partnerskap”! Når desse irreversible avtalane er på plass, vil nasjonalforsamlingane i stor grad vere nøydde til å danse etter storkonserna si pipe...

Det er elles dei same økonomiske interessene som no “bankar gjennom” slike horrible frihandelsavtalar, som også saboterer arbeidet for å få stansa korrupsjon og skattesnyteri, ikkje minst frå fattige uland, gjennom “skatteparadisiske” ordningar som får utvikle seg i løynd. Banksekretessen, hemmeleghaldet i finansverda, er eit meir heilagt prinsipp enn det å hindre korrupsjon og skattesnyteri, og gjer det enkelt å flytte skattbar overskott frå eit land over til papirselskap i skatteparadis. Ferske meldingar fortel at organisasjonen ActionAid har avslørt korleis finansrådgivingsfirmaet Deloitte gir fylgjande råd til sine investorkundar som vurderer å tene pengar i fattige uland: "Invester i Mosambik og betal skatt av inntektene dine. Eller invester i Mosambik, opprett eit holdingselskap på Mauritius og unngå å betala skatt". At slik ”oppførsel” ikkje for lengst er kriminalisert, er skuffande, for å seie det mildt. (Kilde: linken http://www.actionaid.org.uk/news-and-views/deloitte-advised-big-business-on-how-to-avoid-tax-in-some-of-the-poorest-countries-in ).

Fleire prisverdige organisasjonar som Tax Justice Network, EITI (Extracting Industri Tax Initiative), og Publish What You Pay, har i fleire år no arbeid aktivt for å tvinge gjennom meir openheit om pengestraumane frå storselskapa si side. Dette vil kunne avsløre ulike former for plyndring som no ser ut til å vere uhyggeleg vanleg i internasjonal økonomi. Kvart år forsvinn rundt 1260 milliardar dollar frå utviklingsland i ulovleg kapitalflukt. Dette er ti gonger meir enn den samla u-hjelpa i verda. Også for den norske velferdsstaten er liknande skattesnyteri ein alvorleg trussel. Økokrim meiner at nordmenn lurer seg unna skatt for rundt 130 milliardar kroner kvart år. Noko som fører til auka skattetrykk på dei av oss som ikkje kan drive denne destruktive ”sporten”.

Det er i denne samanheng skuffande at eit lovforslag om nye reglar som skulle gi betre innsyn i pengestraumane i norske selskap, og som no er til diskusjon i finanskomitéen, ser ut til å innehalde mange smutthol. Lovforslaget blir kritisert for å ha fleire svakheiter, som at den ikkje omfattar skatteparadisa og konserninterne transaksjonar. Siri A. Meling som representerer Høgre i finanskomiteen, har ei heller oppsiktsvekkande haldning til dette: Ho er meir oppteken av at reglane ikkje må skade norske bedrifter. - Lova må vegast opp mot omsynet til at norske bedrifter må kunne vera lønsame. For mange særnorske krav vil vera negativt for selskapa, seier Meling.

Greit nok med plyndring /skattesnyteri frå uland dersom slikt må til for at norske selskap skal tjene ”gode pengar”, med andre ord? (Kilde: http://pwyp.no/en/derfor-er-kampen-mot-kapitalflukt-viktig). Eit lite lyspunkt er at dei to samarbeidspartia til den nye regjeringa i budsjettforliket nyleg, visstnok prøver å skjerpe det aktuelle lovforslaget i rett retning. Vi får sjå.

Når spelereglane i internasjonal økonomi på denne måten produserer og held vedlike ekstrem fattigdom i enkelte land og regionar gjennom finansiell plyndring, då produserer det også økonomiske flyktningar i eit uhandterleg omfang.

Kvifor er ikkje dei som virkar reddast for innvandring hit til landet, meir aktive når det gjeld å få slutt på eit system som tillet plyndring av fattige regionar og skaper farleg ubalanse globalt?

Dersom folk flest forstod sitt langsiktige eige beste, ville organisasjonar som Handelskampanjen, Publish What You Pay, Tax justice Network og liknande, fått langt sterkare støtte enn tilfelle er i dag. Og berre så det er nemnt: Den 6. desember markerer Transparency International Norge den globale antikorrupsjonsdagen...

Odd Tarberg,

Politisk interessert.

Ålesund









  • Comments(1)//varsel.framilyset.com/#post1
« Previous