Politisk stormvarsel

Politisk stormvarsel

Om bloggen

Denne bloggen er ei forlenging av politikksida mi på www.framilyset.com

Namnet på bloggen er meint å gi eit hint om at det støtt skjer ting i internasjonal politikk som kan få stygge konsekvensar også for norske arbeidsplassar...

I 2013 og 2014 særleg forhandlingane om ein frihandelsavtale TISA som Noreg er med på trass i at det skjer utanfor WTO.

(Kommentarar til innlegga kan skrivast ved å trykke på "Comments" under innlegga.)

Når "partnerskap" betyr krigserklæring

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Sun, January 19, 2014 16:36:34

27. nov 2013 hadde eg eit innlegg i Sunnmørsposten som du kanskje ikkje fekk sett. Det kan lesast her og hadde tittelen:

Når krigføring blir kalla partnerskap -

og folk let seg bondefange av handelsavtalar.

“Det kan ikkje vere sannt” er den spontane reaksjonen eg får når eg refererer meldinga om at Egypt møter enorme erstatningskrav frå vestlege storkonsern når landet vil auke minsteløna i landet. Og om at Uruguay og Australia blir saksøkte på same måte fordi dei vil innføre strengare tobakkslover. Eller om at det svenske kraftselskapet Vattenfall krev fleire milliardar euro av Tyskland fordi landet legg sterke reguleringar på kolkraftverka av miljøomsyn. Og så vidare. Det finns ein haug med liknande eksempel. ( kilde: http://www.citizen.org/documents/TAFTA-investor-state-factsheet.pdf )

Denne absurde situasjonen er ein konsekvens av den den rådande logikken i frihandelsavtalane som har blitt inngått dei seinare åra, ofte mellom svake uland og sterke vestlege industrinasjonar. Det er investorane, og ikkje innbyggarane sine interesser, som, hinsides det rimelege, blir verna i desse avtalane. Avtalar som i stor grad blir “ført i pennen” av nettopp representantar for dei økonomiske interessene som vil sleppe å bli plaga av det dei kallar “handelsirritasjonar”, reglar som hindrar dei i å “maksimere profitten sin” ytterlegare...

Dei som i desse dagar er i ferd med å “snekre” ein ekstremt konsekvenstung frihandelsavtale mellom EU og USA, gjer det i høgste grad i tråd med desse prinsippa. Avtalen har fått namnet TTIP, som står for Transatlantisk handels- og investeringspartnerskap. Og her er det verd å merke seg bruken av ordet partnerskap. Realiteten er at avtalen på ingen måte legg opp til samarbeid, men i staden vil opne for endå hardare økonomisk krigføring mellom “aktørane” på begge sider av Atlanteren, med meir og meir utrygge arbeidsplassar som resultat... Snakk om “partnerskap”! Når desse irreversible avtalane er på plass, vil nasjonalforsamlingane i stor grad vere nøydde til å danse etter storkonserna si pipe...

Det er elles dei same økonomiske interessene som no “bankar gjennom” slike horrible frihandelsavtalar, som også saboterer arbeidet for å få stansa korrupsjon og skattesnyteri, ikkje minst frå fattige uland, gjennom “skatteparadisiske” ordningar som får utvikle seg i løynd. Banksekretessen, hemmeleghaldet i finansverda, er eit meir heilagt prinsipp enn det å hindre korrupsjon og skattesnyteri, og gjer det enkelt å flytte skattbar overskott frå eit land over til papirselskap i skatteparadis. Ferske meldingar fortel at organisasjonen ActionAid har avslørt korleis finansrådgivingsfirmaet Deloitte gir fylgjande råd til sine investorkundar som vurderer å tene pengar i fattige uland: "Invester i Mosambik og betal skatt av inntektene dine. Eller invester i Mosambik, opprett eit holdingselskap på Mauritius og unngå å betala skatt". At slik ”oppførsel” ikkje for lengst er kriminalisert, er skuffande, for å seie det mildt. (Kilde: linken http://www.actionaid.org.uk/news-and-views/deloitte-advised-big-business-on-how-to-avoid-tax-in-some-of-the-poorest-countries-in ).

Fleire prisverdige organisasjonar som Tax Justice Network, EITI (Extracting Industri Tax Initiative), og Publish What You Pay, har i fleire år no arbeid aktivt for å tvinge gjennom meir openheit om pengestraumane frå storselskapa si side. Dette vil kunne avsløre ulike former for plyndring som no ser ut til å vere uhyggeleg vanleg i internasjonal økonomi. Kvart år forsvinn rundt 1260 milliardar dollar frå utviklingsland i ulovleg kapitalflukt. Dette er ti gonger meir enn den samla u-hjelpa i verda. Også for den norske velferdsstaten er liknande skattesnyteri ein alvorleg trussel. Økokrim meiner at nordmenn lurer seg unna skatt for rundt 130 milliardar kroner kvart år. Noko som fører til auka skattetrykk på dei av oss som ikkje kan drive denne destruktive ”sporten”.

Det er i denne samanheng skuffande at eit lovforslag om nye reglar som skulle gi betre innsyn i pengestraumane i norske selskap, og som no er til diskusjon i finanskomitéen, ser ut til å innehalde mange smutthol. Lovforslaget blir kritisert for å ha fleire svakheiter, som at den ikkje omfattar skatteparadisa og konserninterne transaksjonar. Siri A. Meling som representerer Høgre i finanskomiteen, har ei heller oppsiktsvekkande haldning til dette: Ho er meir oppteken av at reglane ikkje må skade norske bedrifter. - Lova må vegast opp mot omsynet til at norske bedrifter må kunne vera lønsame. For mange særnorske krav vil vera negativt for selskapa, seier Meling.

Greit nok med plyndring /skattesnyteri frå uland dersom slikt må til for at norske selskap skal tjene ”gode pengar”, med andre ord? (Kilde: http://pwyp.no/en/derfor-er-kampen-mot-kapitalflukt-viktig). Eit lite lyspunkt er at dei to samarbeidspartia til den nye regjeringa i budsjettforliket nyleg, visstnok prøver å skjerpe det aktuelle lovforslaget i rett retning. Vi får sjå.

Når spelereglane i internasjonal økonomi på denne måten produserer og held vedlike ekstrem fattigdom i enkelte land og regionar gjennom finansiell plyndring, då produserer det også økonomiske flyktningar i eit uhandterleg omfang.

Kvifor er ikkje dei som virkar reddast for innvandring hit til landet, meir aktive når det gjeld å få slutt på eit system som tillet plyndring av fattige regionar og skaper farleg ubalanse globalt?

Dersom folk flest forstod sitt langsiktige eige beste, ville organisasjonar som Handelskampanjen, Publish What You Pay, Tax justice Network og liknande, fått langt sterkare støtte enn tilfelle er i dag. Og berre så det er nemnt: Den 6. desember markerer Transparency International Norge den globale antikorrupsjonsdagen...

Odd Tarberg,

Politisk interessert.

Ålesund









  • Comments(1)//varsel.framilyset.com/#post1