Politisk stormvarsel

Politisk stormvarsel

Om bloggen

Denne bloggen er ei forlenging av politikksida mi på www.framilyset.com

Namnet på bloggen er meint å gi eit hint om at det støtt skjer ting i internasjonal politikk som kan få stygge konsekvensar også for norske arbeidsplassar...

I 2013 og 2014 særleg forhandlingane om ein frihandelsavtale TISA som Noreg er med på trass i at det skjer utanfor WTO.

(Kommentarar til innlegga kan skrivast ved å trykke på "Comments" under innlegga.)

Meir om TISA

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Wed, July 23, 2014 10:37:57

Den siste tida har eg plassert så mange innlegg om TISA-forhandlingane på eit par nettsider (Nye meninger til Dagsavisen og Vårt land sin Verdidebatt) at det kanskje er like greit å linke vidare til dei, først som sist:

http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/oddtarberg/

og http://www.verdidebatt.no/oddtarberg/

I det siste har eg levert ein del stoff til Attac Norge om TISA. Sjå

attac.no og/eller tisa.no

Når eg likevel er inne så limer eg inn ein kommentar som ikkje ligg på nettet, men som står på trykk i Klassekampen idag den 23. juli.. Også om TISA, sjølvsagt...

UD feilinformerer om TISA-forhandlingane.

I sitt forsvar for at Norge er med i forhandlingane om ein ny frihandelsavtale for tenester TISA, kjem UD med fleire merkelege påstandar (Klassekampen 16.07). Mellom anna påstår UD at “privatisering og konkurranseutsetting av offentlege tjenester er ikke tema for forhandlingene”. Dersom UD skal ha dekning for den påstanden, må det garanterast at klausular av typen “Standstill- og Ratchet clause”, ikkje kjem på tale i ein avtale som Norge kan kome til å signere. Påstanden frå UD er oppsiktsvekkande fordi TISA blir kritisert nettopp for å legge opp til slike klausular som vil låse signaturlanda til stendig høgare grad av liberalisering/konkurranseutsetting. Den franske avisa Le Monde legg stor vekt på desse sterkt udemokratiske klausulane i TISA i sitt oppslag på nettet den 9. juli.

UD prøver elles å informere på ein måte som gir inntrykk av at Norge utelukkande har positive effektar å hente frå ein TISA-avtale: “Norge bidrar aktivt på de områdene der vi har særlige interesser, dvs skipsfart, telekommunikasjon, energi og forsikring.” UD nemner ingen ting om at Norge, for å oppnå fordelar på desse områda, må gi motytingar i form av lettare tilgong til den norske marknaden for utanlandske investorar. At dette skaper usikre rammevilkår for storparten av norsk næringsliv, er sjølvsagt ikkje tema i informasjonen frå UD. At desse forhandlingane er med på å undergrave WTO-systemet slik den danske avisa Information.dk mellom anna målber i eit stort oppslag den 10. juli, ser heller ikkje ut til å uroe UD.

Odd Tarberg

otarberg@mimer.no







  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post13