Politisk stormvarsel

Politisk stormvarsel

Om bloggen

Denne bloggen er ei forlenging av politikksida mi på www.framilyset.com

Namnet på bloggen er meint å gi eit hint om at det støtt skjer ting i internasjonal politikk som kan få stygge konsekvensar også for norske arbeidsplassar...

I 2013 og 2014 særleg forhandlingane om ein frihandelsavtale TISA som Noreg er med på trass i at det skjer utanfor WTO.

(Kommentarar til innlegga kan skrivast ved å trykke på "Comments" under innlegga.)

TiSA - eit ekko av MAI-avtalen

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Fri, August 28, 2015 16:06:06
Dei ultraliberalistiske investorvernavtalane TiSA ogTTIP, er dagsaktuelle og farlege kloningar av ein tilsvarande avtale som vart stansa med nød og neppe i 1998.. For dei som har lest litt om TiSA i det siste, vil det truleg vere rart å sjå kor aktuelt dette innlegget mitt frå februar 1998 er. Det stod i Sunnmørsposten den gongen:

MAI - eit troll som ikkje toler lys?

«Få canadiarar har høyrt om «Multilateral Avtale for Investeringar» (MAI). Og likevel vil avtalen dersom den blir inngått, føre til ei enorm styrking av dei multinasjonale storselskapa sine rettar på bekosting av oss vanleg dødelege..... Dersom det skal bli igjen noko som liknar på demokrati her i Canada, må noko gjerast for å hindre at vi underkastar oss dette storbuisness-tyraniet»....

Kva i alle dagar har dette sitatet frå den politiske kommentatoren H.Beyer i den canadiske avisa Sterling News Service å gjere i eit lesarinnlegg i ei norsk avis??

Ganske enkelt fordi den avtalen det er snakk om, gjeld oss nordmenn like mykje som folk i Canada! Norge er, som Canada, med i den 29 land store OECD-organisasjonen, der det sidan 1995 har vore arbeidd med utkast til ein avtale som risikerer å blir sterkare lut enn eit EU-medlemsskap ville vere. Avtalen blir omtala slik på ei av dei mange internetsidene som er å finne om den:

«MAI-avtalen er konstruert for å lette flytting av kapital, både pengar og produksjonsutstyr - over internasjonale grenser, ved å redusere den makta regjeringar har til avgrense og regulere utanlandske investeringar.»

Det er utruleg at ein slik avtale kan vere under oppsigling uten at det skaper meir røre her i Norge så kort tid etter ei EU-avstemming som faktisk i tillegg ga eit nei-fleirtal....

For å vise kor vidtfemnande avtalen tek mål av seg til å verte, kan det nemnast at Norge i eit avtaleutkast frå mai 97, har sett seg nøydd til å be om at det i avtaleteksten kjem inn «stadfesting av den sjølvstendige råderetten, innanfor nasjonal lovgiving, som nasjonalstatane har over naturressursane»....

Dersom ein slik reservasjon ikkje kjem med i avtaleteksten, vil altså storselskapa ha fritt fram, noko som heilt tydeleg er hovedformålet frå initiativtakarane si side...

«MAI-avtaleutkastet er basert på den nordamerikanske frihandelsavtalen, NAFTA, men MAI er ei forsterka utgave av NAFTA, og vil i tillegg vere verdsomspennande»

Kva er så det gale med at storbuisnessen får det som den vil? Vi fekk eit eksempel på det i eit svenskprodusert program som gjekk på NRK1 i januar. Programmet viste korleis storkonsernet Hennes og Mauritz si enorme inntjening blir gjort på ryggen til slavearbeidarar i Asia. Kvinna som arbeidde tolvtimars dag sju dagar i veka for å sy «røvarkjøpklær» til meg og deg, er likevel «ikkje produktiv nok» til å fortjene eit anstendig liv slik systemet virkar no...

Dette direkte sambandet mellom liding og luksus, som dei globale storkonserna er ekspertar på å etablere og å utnytte, er det ein del som synest er grotesk. Ein del prøver også å påvirke galskapen. «End corporate rule» (Få slutt på storselskapa sitt herredøme), er ein organisasjon som er aktiv på internet... Det er ikkje minst slike som no altså slår alarm mot denne multilaterale investeringsavtalen (MAI).

Men ikkje berre «slike»: Eit samarbeidsorgan for guvernørar i veststatane i USA, Western Governors Association, ser også at MAI-avtalen ikkje berre vil få positive effektar:

Rett nok vil den «skaffe stabilitet og berede grunnen for USA-baserte investorar, men på same tid vil den gripe inn i suvereniteten til statsregjeringane»...

Det dei her er uroa for, er at avtalen sterkt vil avgrense ulike økonomiske stimuleringstiltak som no er med på å ivareta til dømes lokalt næringsliv og miljøpolitiske forhold... Og dette vil altså like mykje gjelde her til lands...

Sjølv om Canada alt er med i frihandelsorganisasjonen NAFTA, har dei første avtaleutkasta til MAI ført til politisk røre. Den canadiske regjeringa såg seg i november 1997, nøydd til å halde ei offentleg høyring om MAI. Resultatet er truleg at Canada vil kreve å få med ei rekke unnatak i avtaleteksten.

Kvar er så den politiske handteringa av denne avtalen her i Norge???

Spør kven du vil av leiarane av dei «små og mellomstore bedriftene» her til lands om dei har vore i Paris og talt si sak for OECD-diplomatane som skriv avtaleteksten... Lobby-aktiviteten til storkonserna er det i alle fall lett å lese igjen i avtaleutkasta hittil.....

Heile denne historia ville eg knapt trudd på sjølv, hadde det ikkje vore for at eg kan gå inn på massevis av internet-sider og få det bekrefta.

Odd Tarberg

Ålesund, 05.02.98.



  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post15