Politisk stormvarsel

Politisk stormvarsel

Om bloggen

Denne bloggen er ei forlenging av politikksida mi på www.framilyset.com

Namnet på bloggen er meint å gi eit hint om at det støtt skjer ting i internasjonal politikk som kan få stygge konsekvensar også for norske arbeidsplassar...

I 2013 og 2014 særleg forhandlingane om ein frihandelsavtale TISA som Noreg er med på trass i at det skjer utanfor WTO.

(Kommentarar til innlegga kan skrivast ved å trykke på "Comments" under innlegga.)

Kronikk i Sunnmørsposten 17.02.14 om TISA!

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Mon, February 17, 2014 08:59:52

Idag er det transportarbeidarar som mister jobben - kven blir dei neste?

“Et unødig liberalt norsk regelverk har åpnet transportmarkedet for utenlandske transportører i en slik grad at en hel næring nå trues på livet”. Det er Linda Myhre i Møre og Romsdal Yrkestrafikkforbund som skriv dette (Smp 10. febr.)

Denne typen alarmsignal trur eg folk flest bryr seg for lite om. Dei tenkjer for lite på at det neste gong faktisk kan vere deira eigen jobb som blir utkonkurrert...

Alt no er det altså slik at enkelte næringar slit med utanlandsk konkurranse. Då bør det vere oppsiktsvekkande at det akkurat no, frå norsk side, aktivt blir jobba med ein fleirnasjonal avtale som vil gjere denne situasjonen vesentleg verre.

Noreg er nemleg med i ei gruppe land, med USA og EU i spissen, som tidleg i 2013 starta forhandlingar med det overordna målet å få konkurranseutsett og privatisert så mykje som råd av det som blir kalla tenester. I utgangspunktet skal alle typer tenester, som dei ulike landa ikkje aktivt reserverer seg for, opnast opp for utanlandske aktørar. Med andre ord: “The U.S. ambassador to the WTO, Michael Punke, said there was unanimous agreement among all the participants that “all sectors are on the table, there are no a prior exclusions of any mode.”

Dei som har høve til å gå inn på internett og søke på “really good friends of services”, som desse landa så frimodig kallar seg, vil fort oppdage at dette er alvor.

Organisasjonen Our World Is Not for Sale er støtta av 345 organisasjonar globalt når den kjem med flengande kritikk av den liberaliseringsframstøyten som desse ”kompislanda” har sett i gong på utsida av WTO (Verdens Handelsorganisasjon). Det åleine burde vel tilseie at vi også her til lands burde spandere på oss ein aldri så liten diskusjon om dette?

Til det “kjedsommelige” blir det påstått at vi som eit lite land er best tjente med så open internasjonal konkurranse som råd. Faktisk er dette ein tøvete påstand. Det som er rett, er at deler av norsk næringsliv vil kunne profitere på ei slik liberalisering, og det er tydelegvis denne delen av norsk næringsliv som får definere kva Noreg skal arbeide for i slike forhandlingar. Minst like rett er det at andre deler av næringslivet vil tape i konkurransen, med tilsvarande tap av arbeidsplassar, denne gongen som nemnt med tapte arbeidsplassar i transportnæringa. Som ei relevant åtvaring kan det her passe å få med at den nordamerikanske handelsavtalen NAFTA, førde til eit nettotap av arbeidsplassar i USA i dei ti første åra på over 800.000, i fylgje Economic Policy Institute... Dette snakka dei sjølvsagt ikkje om dei som argumenterte så entusiastisk for å få på plass den avtalen... Når dei kreftene som her til lands arbeider for meir konkurranseutsetting av same typen får det som dei vil, risikerer vi at det vi hittil har sett av sosial dumping vil framstå som småtteri...

Grunnen til at desse TISA-forhandlingane no kjem i gong utanfor rammene til WTO, Verdens Handelsorganisasjon, er at dei mest utolmodige pådrivarane for liberalisering ikkje får det raskt nok som dei vil innanfor, særleg på grunn av motstand frå ulandshald. Når vårt land er med i denne gruppa av frihandelshissige “Really Good Friends of Services”, og dette skjer uten at vi har den ringaste debatt om dette på Stortinget og i det offentlege romet elles, kan det då skuldast at dominerande personar i UD-byråkratiet har ei sterk idologisk slagside i liberalistisk retning? Når Regjeringa/UD i Storingsprop. 1 om statsbudsjettet for 2014 informerer om at Noreg er med i desse TISA-forhandlingane, skjer dette med skarve tre setningar. Tre setningar som prøver å framstille det som uproblematisk at Noreg er med. Den sist setninga er slik: “En slik avtale vil derfor være i tråd med regjeringens hovedprinsipp om at et globalt handelsregime forankret i WTO er fundamentet for regjeringens handelspolitikk.” Dette er farleg nært opp til feilinformering, all den tid TISA-forhandlingane foregår på utsida av WTO-organisasjonen, og blir kritiserte for dermed å undergrave WTO! Land som ikkje er med i TISA fryktar forståeleg nok at ein slik avtale vil blir brukt som brekkstang for meir liberalisering i seinare WTO-forhandlingar...

Dokumentet som i november kom frå UD med dei norske “initial offers” i desse forhandlingane, var heller ikkje eigna til å overtyde om at dette vil vere bra for norske arbeidstakarar. UD påstår der at: “Norge har klare interesser av at norske tjenesteleverandører får tilgang til andre markeder på samme vilkår som konkurrenter fra andre land.” Kvifor skriv dei ingen ting om dei norske tenesteleverandørane som vil bli knekte av utanlandsk konkurranse?

Dei som har inntrykk at dette innlegget er “på trynet”, bør ikkje konkludere slik før dei har vore innom denne svenske linken om TISA-forhandlingane:

http://dagens.etc.se/nyhet/mp-%E2%80%9Dtisa-forhandlingarna-borde-avbrytas-omedelbart%E2%80%9D . Den artikkelen startar slik: “Ett nytt globalt handelsavtal förhandlas just nu i det tysta. Det väntas öppna upp för avregleringar av offentliga tjänster i en omfattning som vi aldrig sett tidigare”. Og den held fram med å vise at svenske riksdagspolitikarar ikkje anar kva som foregår i desse forhandlingane. Alt tyder på at det ikkje står det minste bedre til her til lands...

Odd Tarberg

otarberg@mimer.no

Ålesund



  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post5