Politisk stormvarsel

Politisk stormvarsel

Om bloggen

Denne bloggen er ei forlenging av politikksida mi på www.framilyset.com

Namnet på bloggen er meint å gi eit hint om at det støtt skjer ting i internasjonal politikk som kan få stygge konsekvensar også for norske arbeidsplassar...

I 2013 og 2014 særleg forhandlingane om ein frihandelsavtale TISA som Noreg er med på trass i at det skjer utanfor WTO.

(Kommentarar til innlegga kan skrivast ved å trykke på "Comments" under innlegga.)

Eventyrleg ideologisk innavl bak frihandelsavtalane TTIP, TiSA osv..

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Wed, March 12, 2014 11:33:01

Tobakksgiganten Philip Morris saksøkte i 2011 Australia med krav om erstatning i milliardstorleik for tapt forteneste. Kvifor? Australia ville merke sigarettpakkane med helsefare. Dette ville Philip Morris ikkje ha noko av, og brukte ein frihandelsavtele mellom Hong Kong og Australia som juridisk brekkstang for å få erstatning. Til og med Norge vart i 2012 saksøkt av det same selskapet for dei norske tobakkslovene. Philip Morris vann ikkje fram i saka mot Norge fordi selskapet då ikkje ikkje hadde ein “god nok” frihandelsavtale på si side.

No, 2014, foregår det forhandlingar der Norge er med, om ein ny frihandelsavtale om tenester, TiSA, der kanskje ei tvisteløysingsordning vil gi industriselskap som Philip Morris langt sterkare kort på hand. Opplegget som frihandelsideologane og lobbyen for dei globale investorane prøver å få på plass, blir kalla ISDS, Investor-State-Dispute-Settlement. ISDS vil gi investorane eit ekstremt sterkt økonomisk vern, på bekostning av nasjonalt politisk handlingsrom for vern av miljø, helse, arbeidforhold osv.

Den politiske motsatsen til dette ville vere å kreve retten for alle arbeidstakarar som mister jobben til å saksøke staten for å få erstatning for tapt framtidig arbeidsforteneste.. Frihandelsentusiastane har ikkje akkurat dette på agendaen, det kan eg love!

Når pådrivarane av frihandelsavtalar av typen TiSA og TTIP kan få seg til å argumentere for eit så hårreisande udemokratisk investorvern som ISDS (som faktisk alt i dag ligg inne i fleire bilaterale avtalar mellom ulike land), då må det basere seg på ein ideologisk innavl i vide kretsar som gir seg dei mest utrulege utslag!

I fylgje eit program som er å sjå på denne linken: http://svenska.yle.fi/artikel/2014/03/10/spotlight-varldens-storsta-affar

kan det faktisk sjå ut til at EU sin handelskommissionær Karel de Gucht har fått litt kalde føter ”i sakens anledning”. Kanskje er ein opinion mot desse avtalane i ferd med å bygge seg opp?

Det er ein god idé å sjå på programmet på linken over her, og også sjå innom desse to linkane som presenterer kritikk spesielt av TTIP: http://ttippen.se og http://ttip2014.eu/home.html.

Dersom du ikkje tidlegare har vore innom stoff rundt TTIP eller TiSA, då er eg ubeskjeden nok til å tipse om denne: http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread297752/

Det meste er også å finne på nettopp den bloggsida du no er inne på..:)





  • Comments(0)//varsel.framilyset.com/#post9