Politisk stormvarsel

Politisk stormvarsel

Om bloggen

Denne bloggen er ei forlenging av politikksida mi på www.framilyset.com

Namnet på bloggen er meint å gi eit hint om at det støtt skjer ting i internasjonal politikk som kan få stygge konsekvensar også for norske arbeidsplassar...

I 2013 og 2014 særleg forhandlingane om ein frihandelsavtale TISA som Noreg er med på trass i at det skjer utanfor WTO.

(Kommentarar til innlegga kan skrivast ved å trykke på "Comments" under innlegga.)

Diskutabel norsk deltaking i TiSA-forhandlingane.

Farleg liberalismePosted by Odd Tarberg Fri, April 25, 2014 20:13:16

Norsk deltaking i TiSA-forhandlingane er ei stygg historie.


Regjeringa informerer om TTIP, men teier om TiSA-avtalen som Norge faktisk er med i forhandlingar om...

No i april kom regjeringa med ein rapport om korleis TTIP-forhandlingane om ein frihandelsavtale mellom EU og USA kan påvirke Norge. TTIP-avtalen kan avgjort verte konsekvenstung også for Norge, så denne rapporten var heilt på sin plass sjølv om Norge ikkje er med i forhandlingane.

Det som derimot blir meir og meir påfallande og underleg, er at regjeringa IKKJE finn det formålstenleg å informere skikkeleg hverken Stortinget eller opinionen elles om det faktum at Norge er direkte med i forhandlingarar om TiSA. TiSA, Trade in Services Agreement, er ein vidtrekkande frihandeslavtale for tenester, som i vel eit år no, har vore under forhandling, på ganske så anonymt vis, mellom eit femtitals land. Dei mest frihandelskåte landa USA har funne å alliere seg med...

Desse forhandlingane, utanfor WTO-systemet, har kome i gong parallelt med TTIP-forhandlingane etter initiativ av den USA-dominerte frihandeslobbyen, etter at desse interessene ikkje lenger heilt får viljen sin raskt nok innanfor WTO.

Det er heilt fantastisk at regjeringa prøver å gi inntrykk av at desse TiSA-forhandlingane er heilt i tråd med tradisjonell norsk WTO-politikk, og på den måten har oppnådd at ingen i stortingsmiljøet har reagert. Utanriksministeren gjentok nyleg at det internasjonale handelsregimet i WTO-regi er “fundamentet for regjeringens handelspolitikk”, vel vitande om at Norge no altså er inne i TiSA-forhandlingar som foregår utanfor WTO-systemet. Forhandlingar som er sterkt kritiserte nettopp for å undergrave WTO sin posisjon.

Det er rett og slett vanskeleg å forstå korleis Norge kan gå inn i slike forhandlingar uten ein grundig politisk diskusjon. Er det embetsmannsveldet i UD som har fått lov til å framstille dette som udiskutabel norsk politikk?

Eg har tidlegare påstått at Stortinget har blitt feilinformert av Regjeringa om kor viktig TiSA-avtalen faktisk er, og eg gjentek det gjerne: http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread297043/

Når regjeringa no finn det på sin plass å informere om TTIP-forhandlingane, som Norge faktisk ikkje tek del i, men altså passar seg vel for å avsløre kor konsekvenstung TiSA-avtalen som vi er med i forhandlingar om, og som dekker ein marknad meir enn dobbelt så stor som EØS, kan bli, då prøver eg nok ein gong å rope eit slags varsko. Til liks med TTIP er TiSA på mange måtar ein stygg avtale: Den blir skulda for å vere udemokratisk, og irreversibelt proliberalistisk. At ein så politisk kontroversiell avtale ikkje skal debatterast offentleg og grundig, er berre heilt hårreisande.

ETTER AT EG PUBLISERTE INNLEGGET OVER HER, oppdaga eg at nettsida til Dagens Næringsliv den 24. april hadde med eit innlegg eg hadde sendt dit om same tema. Avisa hadde gitt det tittelen "Forhandlinger under radaren". Eg limer like godt inn her innlegget:

Oppsiktsvekkande norsk deltaking i frihandelsforhandlingar (TiSA) uten reell politisk klarering i Stortinget.

Frihandelsavtalen for tenester, TiSA (Trade in Services Agreement) er ledd i ein USA-styrt storoffensiv for meir internasjonal handelskonkurranse, der TTIP, Transatlantisk Trade and Investment Partnership mellom EU og USA, og TPP, Trans-Pacific Partnership for Stillehavsområdet, er dei to andre store avtalane det no parallelt blir forhandla om.

Desse avtalane blir det forhandla om utanfor WTO-systemet, fordi dei mest frihandelskåte landa ikkje får det fort nok som dei vil innanfor WTO.

Det oppsiktsvekkande i at Norge er med i TiSA-forhandlingane, som eit av eit femtitals land som kallar seg sjølve Really Good Friends of Services, er mellom anna nettopp at desse forhandlingane foregår utanfor WTO, og blir kritiserte for dermed å undergrave WTO som arena for eit internasjonalt handelsregime. Kor oppsiktsvekkande dette er, kjem tydeleg fram når Stortinget faktisk vart feilinformert med påstanden om at norsk deltaking i TiSA-forhandlingane er ”i tråd med regjeringens hovedprinsipp om at et globalt handelsregime forankret i WTO er fundamentet for regjeringens handelspolitikk". (Sitat frå Stortingsproposisjonen for Statsbudsjettet for 2014).

Det oppsiktsvekkande i norsk deltaking i TiSA-forhandlingane ligg sjølvsagt også i sjølve dimensjonane i det det her er snakk om. Det er mykje bråk frå tid til anna om enkelte EU-direktiv som EØS-avtalen pressar på oss. Med ein evt TiSA-avtale vil vi vere “bondefanga” i eit frikonkurransemarked for tenester som er meir enn dobbelt så stort som EØS. I tillegg til EU-landa og USA, er land som Australia, Canada, Chile, Hong Kong, Israel, Japan, Mexico, New Zealand, Pakistan, og altså Norge, med i denne gruppa av ”most willing” frihandelskåte land.

Dette skal det altså ikkje snakkast om? Dette finn altså ikkje Regjeringa grunn til å informere Stortinget skikkeleg om? ”Tystnaden” om TiSA er det grunn til å bli skremt av...

Odd Tarberg

Ålesund

otarberg@mimer.no







  • Comments(0)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.